To kvinner i 30-årene, liker peiskos med en god bok, håndarbeid og turer i by og park. Du søker filmtips, kontante meninger og kan bli med på stadig nye matlagingsutfordringer. Bill.mrk. "Blir det oss?"

onsdag 23. mars 2011

Rocky Road

Rocky Road er ein amerikansk snopeklassiker basert på prinsippet "putt alt som er godt opp i smelta sjokolade".  Som navnet seier, er ikkje den estetiske faktoren så høg, men smaken kompenserer for utsjånaden. Det er  raskt å lage, og sidan vi har fått ein forespørsel om oppskrift (hurra:), så kjem den her. Det er mange oppskrifter på nettet, og denne er ei modifisert utgave av desse:

200 g sjokolade (Walters mandler gir den gode salte smaken i tillegg, kan også bruke mørk sjokolade)
ein neve peanøtter (salte, ikkje noko usalta her)
ein neve marshmallows, kutta i bitar (for smak av "frukt"/e-stoff, bruk Juleskum)
ein neve Dumle, kutta i bitar (Daim er også bra, eller andre karameller)

Smelt sjokoladen medan du kuttar alle ingrediensane i bitar. Rør dei inn i den smelta sjokoladen og ha røra i ei passande form med bakepapir. La det stivne i kjøleskapet, og skjær så i bitar. Ingrediensane kan varierast etter kva du likar, bruk feks Bounty, andre nøtter, tørka bær osv. Superenkelt og veldig godt:)

2 kommentarer:

  1. nam! Hva passer best hvis ikke nøtter er aktuelt?

    SvarSlett
  2. Ellen-Christina: Daim kunne ha vore eit godt alternativ, fordi den både er litt salt og gir krønsjfeelingen som peanøtter gir, men det er kanskje spor av nøtter i den? Då kan du i tilfelle ha i meir av dei andre ingrediensane, eller legge til karamell, lakris, tørka frukt eller noko anna du liker godt. Rapporter gjerne tilbake til oss når du har prøvd:)

    SvarSlett