To kvinner i 30-årene, liker peiskos med en god bok, håndarbeid og turer i by og park. Du søker filmtips, kontante meninger og kan bli med på stadig nye matlagingsutfordringer. Bill.mrk. "Blir det oss?"

onsdag 10. oktober 2012

Sommarens beste måltid, K sin versjon

Det er lenge sidan sommarferien, og hausten og kulda kjem snikande, så la oss mimre litt tilbake til sommaren som var. Huskar du dei varme sommardagane? Ikkje? Nei vel, men du huskar kanskje nokre av dei gode måltida du spiste. Her er mine topp 3 frå sumaren 2012:


1. Maki, Ålesund
Restauranten som ligg i kjellaren på Hotell Brosundet, heilt i vasskanten, er ein restaurant med stiva dukar, mange glas og servitørar som bevegar seg raskt. På veg heim til den ytterste nøkne ø, gjorde eg eit stopp her og spiste middag med mi mor. Servitøren/eigaren varta oss opp etter alle kunstens reglar og anbefalte breiflabb, perfekt tilberedt og med fantastisk tilbehør. Desserten var av same standard. Både vi og dei utenlandske turistane som var der naut og kosa oss. Dette må vere beste restauranten i Ålesund?!


 
 
 
 


2. Ekebergrestauranten, Oslo
Ekebergrestauranten besøkte vi kvelden rett før siste jobbdag før ferien, det var strålande sol - og alt av fotball-EM var vel overstått. Eg har bodd i nærheita i 8 år, men ikkje vore der enda. Det var på høg tid. 

Frå vindusplasseringa vår valgte vi valgte kamskjell, breiflabb og brownie. Breiflabben servert med klassisk tilbehør og alt var så godt, men ingen overraskingar. Desserten derimot var meir kreativ, med både jordbærsorbet og ostekake til brownien.. Restauranten med den finaste utsikta i Oslo.

 



3. Restaurant Poul P, Bornholm
Første ferieveka tilbrakte vi på Bornholm, denne øya langt vekke frå Danmark, med bølgande kornåkrar, vakre kystvegar og kilometervis med fantastiske sykkelstiar. Kvilepulsen kom sigande og alt var såre vel.

Vi budde i Rønne, øyas hovudstad og her fann vi oss ein favorittrestaurant. Poul Pava, kunstnaren med dei litt naivistiske barnetegningane har ein restaurant rett ved sidan av verkstaden sin, og der var vi fleire gongar. Liten,sjarmerande restaurant, med tilsvarande personale, og ein gjennomført meny med lokale råvarer. Ein kveld var der til og med eit par unge menn som spelte live musikk, og eigaren tok pianosoloen, iført bl.a. rosa crocks og dressjakke. På bildet ser vi maten vi spiste på A-M sin 35 års dag:)