To kvinner i 30-årene, liker peiskos med en god bok, håndarbeid og turer i by og park. Du søker filmtips, kontante meninger og kan bli med på stadig nye matlagingsutfordringer. Bill.mrk. "Blir det oss?"

søndag 6. februar 2011

Mat for grå dagar

Den jevne borgar har ca. 10 rettar på middagsrepertoaret sitt som han stadig vender tilbake til. Mi påstand er at menn har langt færre (!) Den store utfordringa er kvardagsmaten. Kven gidd vel vere kreativ når ein kjem heim ihjelsvolten og dødssliten kl.18? Og i alle fall ikkje midt på vinteren. Men behovet er der for nye smakar og nye rettar og dei skal helst vere lette å lage og vere klare på mindre enn ti minutt.

Harde krav, men vi har likevel denne veka hatt det som nesten utvikla seg til å bli ei kreativitetskonkurranse på middagsfronten i heimen. Oppskriftene fann vi etter litt googling. Eit tips er å ikkje handle ingrediensar på lavt blodsukker etter jobb, i alle fall ikkje til kyllingkebaben. Menyen vart som følger:
tirsdag: Kyllingkebab
onsdag: Kylling i appelsinsaus
torsdag: Fylt paprika

Når helga kom gjekk vi tilbake til det gode og trygge, lasagne og biff. All kreativiteten var brukt opp...

3 kommentarer:

  1. Den kyllingkebaben høres skikkelig snadder ut!

    SvarSlett
  2. Laila: det er den. Anbefalast!

    SvarSlett
  3. I made a beautiful lasagna the other day with spinach, mushrooms and cottage cheese. I love eating vegetarian dishes.. nice blog A M :)

    SvarSlett