Dag 2 er over, og frå hotellbaren høyrer vi gamle låtar om igjen. Magen er full av delikatesser som andelår, chevre, sancerre, sjokoladekake og det heile blei toppa med ein margarita. Hovudet er fyllt med Dag Solstads grønsaksskildringar, Jan Kjærstads arkitekturanekdoter, vi har absorbert lyrikk på svevande nivå og inntatt Jan Vardøens svinepølser. Kvelden blei avslutta med fengande arabiske rytmer, og vi vrikka så godt vi kunne.
Livet på litteraturfestival er hardt, men passar oss perfekt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar