K:
Vi har observert at events av diverse slag florerar i bloggverda, og endelig har vi også tatt steget til å bli fullblods bloggarar. A-M sitt abonnement på Costume sitt nyheitsbrev (visstnok teikna med ironisk distanse) betalte seg til slutt, Costume inviterte til kundekveld hos Bianco og frista med rabattar, servering av tropiske bobler og ikkje minst: goodie bags! For ikkje å snakke om sminking og neglelakkering, for dei som er interesserte i sånt. Vi tagg tynt om å få kome på gjestelista og fekk plass!
A-M:
Vi stilte oss nå opp og kunne lettet konstantere at de som sto foran var et par år eldre enn oss, til forskjell fra de maaange metrene med 16-25-åringer lenger frem i køen. Og sannelig om ikke køen begynte å bevege seg etter et minutt eller to, og ganske snart var vi inne i butikken. Skulle tro det var planlagt! ;)
Det ble stinn brakke |
Øverst: Tropiske bobler Nederst: Isklar-promo |
Skrekkscenarioet eg hadde sett føre meg der eg skulle bli tvangssminka og -lakkert av ei som var 15 år yngre enn meg før eg i det heile tatt fekk kome inn, var ein fjern fantasi. Det same var den musserande vinen eg skulle nippe til medan eg gjekk roleg rundt mellom hyllene. Her var det første kvinne til godene, som i tillegg til frukt og muffins var nye produkt frå diverse tilbydarar av is og mineralvatn - som gribbane forsynte seg grovt av.
Det yrande livet i butikken gjorde det vanskeleg å prøve eller finne sko eg hadde lyst på, medan A-M fekk dekt behovet for både gullsandalar og solbriller før ho stilte seg i den milelange køen. Så då var spørsmålet: kvar var goodiebagane dei hadde lova oss? Dei var ingen stad å sjå, skulle dei snyte oss for dette vi hadde gledd oss til?
Gullsandal (selv om den ser relativt sølvfarget ut på dette bildet) |
Andre halvdel av bloggen har ikkje fått eit einaste beauty produkt frå aktøren som dermed ikkje blir nevnt her:( |
K:
Sikkert ei fiffig oppfinning vi aldri får bruk for. Har ikkje så flust med make up børster at det gjer noko.
Oppsummering: Alt i alt var det ein festleg, men varm opplevelse.Dette var tydeligvis eit arrangement for allmuen og juniorbloggarar, vi kan lese at seniorbloggarane var inviterte til H&M si visning av haustnyheitene same kveld. For å få shoppa noko må du ha god tålmodigheit, og er du berre ute etter goodiebagen er det lurt å møte opp ein time etter arrangementet har starta. Vi gjekk likevel fornøgde derifrå, ho eine med gullsandalar, begge med goodiebag med intetsigande magasin, reklame (gjekk dessverre rett i papirdunken), sminkeeffektar og energidrikkar. Begge måtte vi beskjemma innrømme for den andre at vi hadde grafsa med oss eit eksemplar av det nye mineralvatnet og stappa det i veska vår. Skikkelig Lord of the Flies-effekt, altså. Neste gong kjem vi halv ni.
Noen andre som har blogget om samme event:
filmguru
perfectionturnsmeon
antidoll
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar