To kvinner i 30-årene, liker peiskos med en god bok, håndarbeid og turer i by og park. Du søker filmtips, kontante meninger og kan bli med på stadig nye matlagingsutfordringer. Bill.mrk. "Blir det oss?"

mandag 15. august 2011

Øya

Foto: Stefan Rikenberg

Vi har vore på festival igjen, og denne gongen på Oslos beste (heilt subjektivt) musikkfestival, Øya. Øyafestivalen har i år som tidlegare år levert musikk for ein kvar smak, fristande økomat og drikke og vart stort sett velsigna med strålande vêr. For oss som bur i Gamlebyen har den til og med perfekt plassering:)


Gamlebyen vert éin gong i året befolka av denne gjengen av musikkelskarar, hipsterar og wannabehipsterar med eit mål om å sjå og bli sett. Hordene er uniformerte, og ein mini moterapport er på sin plass. Medan nokre av oss svergar til kjedelige klede frå H&M, er det andre som har tenkt litt meir. Desse innslaga gjekk hyppig igjen:
- Dongerishorts, helst kombinert med brune bein. Er du over 20 og har cellulittar kan du skjule det ved å ha strømpebukse under.
- Tote bag, eller handlenett av tøy. Helst med intellektuelt og/eller kult budskap.
- Støvlar, tenk at fornuftig skotøy kan vere moteriktig! Foreldra våre er nok glade for dette. Vi ser fleire Hunter enn Ilse Jacobsen på denne sida av byen.
- Viktig: Helst bør alt vere vintage. Kjøpt på nett eller i obskur butikk i utlandet, eller: funne på loftet. Apropos funne på loftet registrerar vi at strikkegensarane frå 90-talet no er kule nok til å takast fram igjen. Dei syntetiske kjøpegensarane vel å merke, ikkje OL-gensaren som mora di strikka.

Stayers:
- Converse, skomerket som har høgast frekvens på festivalen. Merk: dei bør vere inngåtte og møkkete. For øvrig det einaste rette bloggens representant hadde på.
Ray Ban Wayfarer, og alt av look alikes. Både Hafslund og VG fekk faktisk folk til å gå med sine reklameffektar ved å dele ut solbriller som var bittelitt inspirert av dette designet. 
- Ein klassisk Fjellräven ryggsekk, type Kånken er heller aldri feil.


Det viktigaste er dog musikken, og festivalen hadde også i år booka breidt og godt. Fordelen med festival er nettopp å få smakebitar av artistar du ellers aldri ville gått på konsert med eller det å kunne sveipe innom ein konsert og oppdage perler. Og ja, til og med eg vart ståande og høyre på Kanye West ei stund. Påkosta, pompøst og irriterande fengande..


Mine favorittar er blant anna desse:
Vakraste stemma: James Blake
Innfridde mest: Lykke Li
Overraskelsen:  Mari Boine, kven trudde at joik skulle få rockefoten til å vakne?
Morsommaste: Hurra Torpedo
Høgast allsangfaktor: Pulp med Common People
Mest sjarmerande: Noah & The Whale, du har vel høyrt L.I.F.E.G.O.E.S.O.N?
Galnaste: Aphex Twin, herlig elektronika med lys- og bildeshow
Mest dansbare: Chrystal Fighters i sterk konkurranse med Sharon Jones & The Dap-Kings
Sterkaste øyeblikk: Maria Mena med Mitt lille land. Trur ikkje det var berre eg som gøymde meg bak solbrillene då

Høyr på James Blake sin nydelige cover av Feist sin Limit To Your Love og bli med på Øya neste år!
http://www.youtube.com/watch?v=oOT2-OTebx0

Denne veka skal vi på Oslo Jazzfestival og Filmfestivalen i Haugesund for første gong. Her er det vel heilsvart kulturuniform som gjeld, eller?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar