Vi har begge passert 30, og vi introduserer her spalten Tankar om å bli eldre. Dette handlar ikkje berre om å få grå hår eller smerter på nye, rare plassar, men om ting generelt som har forandra seg sidan ungdommen.
#1: Behovet for convenience
Før var idealet å vere backpackar i ordets rette forstand. Ikkje noko flashpacking her i garden, men helst skulle dei tunge ryggsekkane bærast i 40 graders varme, dei billigaste romma på hostella vart valgt (underhaldning inkludert: maursti som trava forbi senga), air condition var for dyrt og bestilling på førehand var for pyser. Men tidene har forandra seg. No skal hotellet vere innen gåavstand til det meste, helst ha 4 stjerners standard, frukosten skal ha ferskpressa juice - og lista er lang.
Men det verste av alt, og eg trudde aldri eg skulle synke så djupt; åh, så kjekt det er med concierge! Desse smiskande og smilande mennene som har eigen disk i hotellobbyen og som sjekkar og bestiller alt for deg. Indieturist? Nei takk. "Yes please, just book those tickets for me..."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar